Velkomen hjå oss! Visste du at Stølen ligg rett ved gamle postvegen mellom Bergen og Stavanger. Her er gode forhold for å produsere eit stort mangfald av reine – sunne – ferske grønsaker i Strandvik.

I 2021 fekk vi ein liten flok med norske mjølkegeiter som springa rundt og stelle landskapet. Etterkvart vil vi ha bier og nokre frilandsgriser skal snufse her på Stølen.

I 2013 flytta me – Jovana, Simon og vår 2 år gamle son – frå ein by i Tyskland med 600 000 innbyggjarar til Hardanger. Sidan 2019 har me drive garden «Stølen i Strandvik». Familien vaks til 5 personar og me stortrivst i den vakre vestlandsbygda.

Strandvik er ei levande perle og perfekt for å realisere det me er mest opptekne av: Målet vårt er å dyrke grønsaker av høg kvalitet til rundt 40 kundar og byggje opp ein flokk med 35 mjølkegeiter. Foredlinga av mjølk til ulike typar kvite ostar skal skje her på Stølen. Høns og gris må vere med, etter kvart. Snekring av møblar skal vere den tredje foten til bedrifta, slik at «stolen» står støtt.

Både grønsaker og geitost skal lagast i rytme med årstidene, på grunnlag av gardens ressursar, utan bruk av kunstgjødsel, plantevernmidlar eller importert kraftfôr. Me vil betre jordkvalitet, skape mangfald, og styrke det lokale nettverket rundt matproduksjon, handverk, samarbeid og inspirasjon. 

Verda rundt oss er prega av konsum, kriser og eit klima som er i endring. Overforbruk av ressursar og luksus har aldri vore så vanleg som i dag. Maten kjem frå…? Butikken! Det følast ofte som at det har skjedd ei utvikling utan oss, utan at me kunne gjere noko med det.

Matproduksjon til ein rettferdig pris med omsyn til miljø og menneske krev like stor innsats frå produsentar og forbrukarar. Me ynskjer å bidra til eit sunnare samfunn og gje lokalbefolkninga tilgang til lokalproduserte, ferske, reine matvarer. Hjå oss får du ei unik mogelegheit til å vere med å ta ansvar for produksjon av maten som vil liggje på bordet ditt.