Vilkår og personvern

Partane

Seljar er Stølen i Strandvik, Vik 105, 5643 Strandvik, post@stolenistrandvik.no, 47 28 50 87, 924576065.

Kjøper er den forbrukaren som setje i verk bestillinga.

Pris

Prisane på våre produkt i nettbutikken er med moms. Alle kostnader ved kjøpet vil vere synleg før ein betalar.

Betaling

Ved vipps betaling er kjøpet fullført når meldinga om betaling har kome inn hjå oss. Kunden for òg ei melding at kjøpet er fullført på e-post.

Ved betaling via nettbank er kjøpet fullført når beløpet har kome inn på kontoen vår.

Levering

Grønsakskasse må hentast kvar veke på Stølen.

Grønsakskasse som ikkje vert henta – det må me finne ut etterkvart.

Produksjon og henting

Me tek forbehold om at ikkje alle grønsaker voksar som planlagt til ei kvar tid. Me gjer sjølvsagt vårt beste til gjere deg fornøgd med ditt abonnement.

Abonnement startar med første hente dag (slik oppgitt på nettsida/e-post melding) hjå oss på Stølen i Strandvik.

Grønsakene du får frå oss er ikkje heilt ferdig vasket.

Forkjøpsrett

Viss du hadde eit årsabonnement så kjem du øvst på lista til neste år viss du ynskjer å fornye abonnementet.

Angrerett og reklamasjon

Me gjer deg høve til å angre kjøpet og få tilbake pengane dersom du sende ei melding post@stolenistrandvik.no innan 30 dagar etter at du har inngått kjøpet for årsabonnement.

Dersom du har kjøpt månadsabonnement og du vil/må angre kjøpet så finn me ei løysing for det. Ta kontakt med oss.

Dersom kunden vel å ikkje nytte sitt abonnement i periodar der abonnementet er aktivt, gjev det ikkje mogelegheit for refusjon for abonnement.

Opplysningar gitt på nettsida

Me ynskjer å gi våre kundar så korrekt informasjon som mogleg, men skrivefeil og tekniske feil i tekst, prisar og bilete kan førekomme. Dette kan innebere at me ikkje kan levere i henhold til informasjon gitt i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på annan måte. Vidare førebeheld me oss retten til å kansellere bestillinga di, eller deler av denne, dersom produktet er utselt. Dersom det er ikkje fleire abonnement tilgjengeleg vil du få melding om dette, eventuelt saman med informasjon om kva me kan tilby i staden for. Du vil få moglegheit til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringane me angir i forhold til di bestilling, eller kansellere bestillinga.

Personopplysningar

Stølen i Strandvik er behandlingsansvarleg for dei opplysningane som du som kunde gjev oss. Opplysningane dine vil bli behandla av oss for å administrere kunderelasjonen, samt for marknadsføringsføremål. Du kan ta kontakt med oss og krevje at personopplysningar blir retta eller sletta, eller du kan reservere deg mot at personopplysningane dine blir brukt for direktemarknadsføring. Ut over det syner me til personopplysningslova.

Konfliktløsning

Klager rettes til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt «Angrerett og reklamasjon». Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkes, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23  400  600.