Velkomen til Stølen i Strandvik!
Langs den historiske postvegen mellom Bergen og Stavanger ligg garden vår, der norske mjølkegeiter beitar fritt og held kulturlandskapet levande. Her på garden foredlar vi den økologiske mjølka til kremost og modna chèvre av høg kvalitet. Dei gode veksttilhøva gjer det mogleg å dyrke ferske og smakfulle grønsaker.

I 2013 flytta me – Jovana, Simon og vår to år gamle son – frå ein by i Tyskland med 600 000 innbyggjarar til Hardanger. Sidan 2019 har me drive garden «Stølen i Strandvik». Familien har vakse til fem personar, og me stortrivst i den vakre vestlandsbygda.

Strandvik er ei levande perle og perfekt for å realisere det me er mest opptekne av: å dyrke grønsaker av høg kvalitet til rundt 40 kundar og byggje opp ein flokk på 35 mjølkegeiter. Foredlinga av mjølka til ulike typar kvite ostar skjer her på Stølen, i gardsysteriet som blei bygd i 2024. Finansieringa var mogleg takka vere vår vellykka folkefinansieringskampanje «Ysteriet på Stølen i Strandvik» og midlar frå Fjordfondets næringsmiddelpris, som me vann i 2023.

Både grønsaker og geitost vert laga i takt med årstidene, med utgangspunkt i gardens eigne ressursar, utan bruk av kunstgjødsel, plantevernmidlar eller importert kraftfôr. Me arbeider for å betre jordkvaliteten, fremje mangfald og styrkje det lokale nettverket rundt berekraftig matproduksjon, handverk, samarbeid og inspirasjon.

Verda rundt oss er prega av konsum, kriser og eit klima som er i endring. Overforbruk av ressursar og luksus har aldri vore så vanleg som i dag. Maten kjem frå…? Butikken! Det følast ofte som at det har skjedd ei utvikling utan oss, utan at me kunne gjere noko med det.

Matproduksjon til ein rettferdig pris med omsyn til miljø og menneske krev like stor innsats frå produsentar og forbrukarar. Me ynskjer å bidra til eit sunnare samfunn og gje lokalbefolkninga tilgang til lokalproduserte, ferske, reine matvarer. Hjå oss får du ei unik mogelegheit til å vere med å ta ansvar for produksjon av maten som vil liggje på bordet ditt.