Grønsaksabonnement – så nær og så enkelt – grønsaker frå Stølen i Strandvik. Me har høge ambisjonar til oss sjølv i forhold til dyrking og driftsmåte. Gjennom ditt kjøp av eit abonnement er du med på å skape ein småskalabedrift der fokuset ligg på å finne ein god balanse mellom ssiale, øklgiske og øknmiske mål

Eit grønsaksabonnement er perfekt for deg som er nysgjerrig på noko nytt, likar å lage mat frå botn av med ferske råvarer rett frå garden. Me er opptekne av ein CO2 nøytral og regenerativt produksjon utan at jorda eller menneske vert utnytta.

Du gjer eit positiv bidrag for å redusere matsvinn, innpakning, lagring og transport.

Vind og vêr påverkar dyrking og vil gje oss mykje glede men òg den eine eller andre tilbakeslag som me kan dele på fleire skuldar – med deg i eit fellesskap. Me gler oss på det!

Sesong 2023

Hjå oss får du grønsaker rett frå garden der du bur.

Me tilbyr:
  • kasse full med grønsaker til rundt 25 kundar i 2023
  • 18 veker - frå 15. juni til 12.oktober
  • kvar torsdag ettermiddag henting på Stølen
Du får glede i:
  • over 35 grønsaks- og urter slag med fersk og autentisk smak, utan bruk av sprøytemidlar
  • grønsaker som er handmade i bygda di
  • grønsaker produsert etter Debio regelverket
  • utveksling med oss og andre kundar som er interessert i økologisk matproduksjon
  • å avgjere kva me skal dyrke (i neste sesong)
Du gjer eit bidrag til:
  • å støtte arbeidet vårt med å byggje opp ein småskala familiebedrift
  • å ta ansvar for lokal matproduksjon med høge ambisjoner om kvalitet
  • å ta vare på naturmangfald
  • å styrke ein levande bygd

Innhald i grønsakskasse

Innhald i kassa varierer gjennom sesongen. I starten får du grønsaker som kan tåle kulde f.eks. reddik, løk og salat mens seinare i sesongen vert det meir mangfald i kassa. Med eit abonnement får du ei autentisk oppleving kva som vokser i dei ulike månader.

Eksempel for 1-2 personar kasse i juni:

1 hovudsalat, ruccola, 1 hel stangselleri, 3 nepe, 2 knutekål, 2 løk

Eksempel for 1-2 personar kasse i august:

1 hovudsalat, 350g tomat, 1 squash, 1 fennikel, 250g sukkererter, 1 brokkoli

Eksempel for ein familiekasse i august:

2 hovudsalater, 500 g tomater, 1 kg gulrøter, 2 squash, 1 blomkål, 3 hvitløk

Eksempel for ein familiekasse i oktober:

2 hovudsalat, 2 agurk, 1 1/2 kg potet, 1 større hokkaido, stor bunt mangold, 2 purre

Avtale og bestilling

Me har fleire abonnement-variantar slik at du kva velje kva som passar best for deg.

Årsabonnement gjev oss mest sikkerheit i forhold til planlegging og produksjon. Du som kunde er med på å bere risikoen og får slik eit større eigarskap til matproduksjon. Derfor vert årsabonnement prioritere fram for månadsavtale.

Husk at det er mogeleg at ein god venn/naboar kan hente kassa di f.eks. når du er på ferie.

Årsabonnement

Familie • kr 6400 (kr 360 per kasse)
Familiekasse med grønsaker kvar veke gjennom sesongen.
Bestill her

Årsabonnement

1-2 personar • kr 4300 (kr 240 per kasse)
Grønsaker kvar veke gjennom sesongen.
Bestill her

Månadsavtale

Forhåndsbestilling • kr 1700/1250
Grønsaker kvar veke i ein månad.
Bestill her